31 mai, 2021

Inne eller ute?

I helga var det full runde i Eliteserien i fotball for menn, og oppgjeret eg fulgte var Mjøndalen - Molde (naturleg nok). Molde hadde ein ball i mål - meinte dei - men likevel ende det 0-0. Vi hadde nok kunne avslørt denne type problematikk om vi hadde mållinjeteknologi i Noreg. Og det kunne vi jo ha hatt UTAN å ha brukt VAR i sin heile og fulle bredde. 

Men så var det spørsmålet om korvidt ballen var inne eller ikkje. På TV-bileta kunne det unekteleg sjå slik ut og Moldespelarane som var i nærheiten var sikre i si sak. Like sikre var nok Mjøndalenspelarane og, på at den IKKJE var inne. Linjedommar stod langt unna og dommaren hadde nesten ei umuleg oppgåve i å fatte rett avgjerd. 

Det er fort gjort å klage på dommaren, men om vi lagar oss ein tilsvarande modell av situasjonen i GeoGebra 3D så ser vi kor vanskeleg oppgåva til dommaren er! Sjå her: 

 https://www.geogebra.org/m/tenqf2q6

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar