26 mars, 2021

Slik går no dagan med nettundervisning

I matematikk 2, emne 2 (5-10) har vi jobba med statistikk og sannsyn i vår. Når undervisninga no vart lagt online nesten heile semesteret vart det stort behov for å lage noko undervisningsmateriale som ein kan bruke over nett. Det er fint å kunne lage nokre lysbilete og prate om dem, men korleis får ein aktivert studentane der dei sitt på kvar sin hybel eller heime hjå far? Eg har prøvd å tatt i bruk nokre verktøy som i og for seg har vore mykje brukt i undervisninga, men som no kan sjåast i eit litt anna perspektiv. Ei førebels liste over kva platformar eg har bruka:
  1.  GeoGebra
    Ein kjem ikkje unna at GeoGebra er eit av dei viktigaste verktøya for ein lærar å beherske. Der eg tidlegare har gitt studentar lenke til GeoGebra-filer har eg no prøvd å lage aktivitetar via GeoGebra Classroom. Slik får ein og innsikt i om det vi driv med er heilt skivebom eller treffer sånn høveleg. 
  2. Scratch
    I statistikk og sannsyn-semesteret har det vore viktige å kunne gjere nokre simuleringar og slikt. Scratch er ikkje fantastisk godt eigna til dette, men det er da ein del mulegheitar. Vi hadde inkludert programmering for første gong i eit fag på lærarutdanninga i år, der Scratch og Python-trinket, som dei to no vanlegaste platformane i skulen (trur eg). På Scratch laga vi fleire av dei aktivitetane som vi har lese om i pensum. Eg laga dei fleste sjølv, men vi brukte og nokre døme frå statistikken for å lage relevante prosjekt i opplæringa av Scratch. 
  3. desmos
    Eg har alltid vore litt imponert over dei innebygde desmosaktivitetane som ein kan finne på teacher.desmos.com. Her er det muleg for studentane å delta slik at eg som lærar får god oversikt både over kva dei svarar og kor langt dei har kome. 
  4. trinket.io
    Det er ikkje så lett å drive programmering over nett (sjølv om ein skulle tru at det var det perfekte tema for nettundervisning). Trinket er ein web-basert python-variant som har fungeret prikkfritt for oss. Ein må vere litt klar over skilnaden mellom å drive med python 2.7 eller 3.0 (ein kan til dømes ikkje lage histogram i 2.7 på trinket). Og for 3.0 må ein betale eit abonnement for å bruke trinket. Ein kan sjølvsagt laste ned python frå python.org og bruke siste versjon heilt gratis, men da mistar ein den oversikta ein som lærar har over at studentane sitt med omtrent same skjermbilete.

Eg har nemnt alle desse på bloggen før, men skal i dei neste innlegga sjå på korleis eg brukte desse over nett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar