Her har eg laga eit matematikk-problem (på engelsk denne gong) som du kan bruke Scratch til å eksperimentere litt med. Eg klarar ikkje finne ut kor eg har dette problemet frå, men det er ikkje utenkjeleg at det kom via Polymath på eit eller anna tidspunkt. (Vonar ingen av studentane eg har hatt er like slurvete med referansane!)
Ein blogg med nyhende, undervisningsopplegg, tankar og meiningar om matematikk og matematikkundervisning.
20 desember, 2021
Fleire Scratch-nøtter
07 desember, 2021
"Pro tip": Lagre tekst på Scratch sine servere
Når ein registrerer seg på Scratch kan ein laga prosjekt der ein brukar variabler som høyrer til ein bestemt figur, eller til alle figurane. Omtrent som lokale og globale variable, altså. Men når ein har bidratt litt i Scratch-miljøet (litt uklårt nøyaktig kor mykje ein må bidra) så blir ein ganske raskt oppgradert til "Scratcher", som da får tilgang til ein ny type variablar, nemlig skyvariablar. Desse blir lagra på servarane til Scratch slik at dei typisk kan brukast til dømes for å lagre highscore i eit spel ein har laga. Ein kan kun lagra tal, ikkje bokstavar eller lister. Men for ei datamaskin er det jo egentlig ikkje så stor skilnad på korleis ein bokstav eller eit tal er lagra - via ein ASCII-tabell kan ein jo omsete alle teikn til tal og tilbake.
Hugsar ein tilbake til dei gamle arkadespela (Pac-man, Space Invaders og alt det der) så var det alltid slik at ein berre kunne lagre tre bokstavar som namnet sitt når ein fekk highscore. Dette kan vi få til i Scratch med eit lite omsetingsskript.
For å kunne omsete att og fram brukar vi ei liste med bokstavane A-Z og ei liste med samsvarande ASCII-kodar. Slike tabellar med ASCII-kodar finn ein lett ved eit google søk, til dømes her: https://www.asciitable.com/ . Vi lagar to slike lister i Scratch, som på biletet:
Dette talet lagrar vi så i ein skyvariabel. På biletet ser du at variabelen inneheld talet 216 072 076.
Dette talet er altså ei omseting av tre bokstavar, men som no kan lagrast i ein skyvariabel. Du kan jo sjølv slå opp i ASCII-tabellen for å sjå kva det står der. For å få tilbake det opprinnelige namnet (altså dei tre bokstavane) må vi plukke frå kvarandre dette talet og slå opp i lista over ASCII-verdiar igjen.
16 november, 2021
Median
I dette prosjektet tenkte eg å vise korleis ein kan bruke Scratch til å lage ein slags animert forklaringsvideo. Kombinasjonen av lav inngangsterskel og mange muligheter gjør at Scratch er godt eigna til slike ting, og med større fleksibilitet enn til dømes PowerPoint eller tilsvarende.
Her er det ingen interaksjon med brukeren, det er berre Scratcy som teiknar og forklarer korleis einn finn median i eit datasett. Datasettet har forskjellig storleik og forskjellige dataelement kvar gong prosjektet køyrast.
09 november, 2021
3D puslespel del 2
Nevnte på ein tidlegare post at ein kan lage det fantastiske (ja, for det er det nemlig!) tredimensjonale puslespelet ved hjelp av origami. Ein kan sjølvsagt ta det vidare og lage ei massiv utgåve i plast, no når ein har 3d skrivarar tilgjengelege i mange skular. Mange har vel og kjøpt slike privat.
Slik ser mitt puslespel ut i 3D-printa versjon:








