09 november, 2021

3D puslespel del 2

Nevnte på ein tidlegare post at ein kan lage det fantastiske (ja, for det er det nemlig!) tredimensjonale puslespelet ved hjelp av origami. Ein kan sjølvsagt ta det vidare og lage ei massiv utgåve i plast, no når ein har 3d skrivarar tilgjengelege i mange skular. Mange har vel og kjøpt slike privat. 

Slik ser mitt puslespel ut i 3D-printa versjon:


Her har eg printa ein open kube, fire pyramider og eit regulært tetraeder. No kan ein vel kalle pyramidene tetraedere og, men dei er ikkje regulære i dette høvet. 



Det ein kan tenkje på når ein skal printe desse formene er at sjølv om matematikken er eksakt så må ein bruke avrunda verdier i printinga. I tillegg er nok ikkje printarane nøyaktige nok (iallfall ikkje min) til at det blir heilt perfekt uansett. Så eg måtte slipe til litt ekstra etter printing, og i tillegg akseptere at det stakk ein millimeter opp av kuben når alt var plassert inni. Litt prøving og feiling må nok til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar