02 oktober, 2013

Eit kvad om fråversføring

37-38-39... 

Nei. 


34-35-36-37-38-39. 

39.

Det var berre 39 studenter i auditoriet. Det skulla ha vore 40. Eg stod med lista framfor meg. Eg talde underskriftene igjen. 40. Førti underskrifter. 39 studentar. Arka hadde omhyggeleg vorte sendt gjennom rommet så alle skulle notere seg som til stades og oppegåande. Iallfall til stades.

Forbanna studentjæklar, kven er det no som har forfalska underskrifta til ein sløvsekk som ligg heime på hybelen og fis under dyna? Kva slags slubbert har teke seg friheita til å lura meg slik!?

Eg stilte meg opp framfor studentane og heldt opp arka med underskriftene.

- Det her må det verte ein slutt på. Kutt det ut, eg vil ikkje sjå at nokon signerer for andre ei gong til. Eg minner om at vi har noko som heiter skikketheit i lærarutdanninga. 

Eg stod breiføtt og harm og heva arket høgare opp i veret. Så reiv eg. Ein lang rift fra toppen og tvers gjennom heile fråveret. 

- Då gjer vi slik, sa eg. Så sender eg oversikta rundt ein gong til og vonar de har kome på betre tankar. 

Så kom Vebjørn inn frå do.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar