Ein blogg med nyhende, undervisningsopplegg, tankar og meiningar om matematikk og matematikkundervisning.
11 april, 2018
Store brøkar i Google Docs
Åh, kor mange gongar eg har irritert meg over dei små brøkane som kjem når du brukar Google Docs. Eg veit ikkje heilt om nokon elegant måte å unngå det på, og det er ikkje berre å endre storleiken sånn utan vidare. Men her er ein måte som virka for meg, iallfall:
Etiketter:
brøk,
google,
google disk,
google docs,
skriving
05 november, 2017
Flaggteoremet
Det kan skrivast tusenvis av bøker om Pytagorassetninga. Nokon har sikkert gjort det og. Ein kan utvide dette teoremet i hytt og vær. Fleire dimensjonar, fleire kantar, kuber og mangekantar og eg veit ikkje kva. Eit anna trekantteorem er Vivianis teorem som eg og har skrive litt om. Flaggteoremet er eit teorem som kan likne ganske mykje på begge disse. Her er det eit rektangel med eit punkt inni, og ein undersøker areal av kvadrata ein kan sete på linestykkja som forbind punktet med hjørna i rektangelet (puh!). At det har ei forbinding til flagg skyldast berre at figuren ein får, når ein i tillegg tek med linestykkje ein treng i beviset for teoremet, minner om det britiske flagget. Under kan du prøve litt sjøl, men det er litt knotete å sete inn heile animasjoner i ein bloggpost som denne. Om du ønsker litt meir fleksibelt format kan du finne arbeidsarket for GeoGebra her: https://ggbm.at/gppn47hZ. Der er det og ei lenke til bevis for setninga.
Etiketter:
flagg,
geogebra,
pytagoras,
rektangel,
storbritannia,
trekantar,
vivianis setning
26 juli, 2017
07 juli, 2017
Flyreiser
Tidlegare kollega Per Bjørn kjem her med ein velretta kronikk og stiller spørsmål ved bruken av flyreiser i utdanningssektoren. Her trur eg dei fleiste av oss kan få utretta ein del på miljøreknskapet. Rett nok er det vanskeleg å tenkje seg å unngå flyreiser heilt. Det er sentralt å kunne deltaka på konferanser for å spreie kunnskap, få rede på kva som røyrer seg i fagfeltet osb. I tillegg er det slik at ein treng å ha eksterne krefter inn for å vurdere studenter i mange høve, til dømes ved munnleg eksamen. Likevel trur eg det er eit stort antall prosjektmøter, møter for seksjon/avdeling/kva det no måtte vere - som kunne ha vorte erstatta med møter via Internett. Det blir ikkje heilt det same, men hadde ein satt inn ressursar på å få nettmøter så bra som mogleg hadde det nok vorte bra nok det og.
http://www.adressa.no/meninger/kronikker/2017/07/07/Flyreisene-et-%C3%B8mt-punkt-for-universitetene-14979929.ece
http://www.adressa.no/meninger/kronikker/2017/07/07/Flyreisene-et-%C3%B8mt-punkt-for-universitetene-14979929.ece
Abonner på:
Innlegg (Atom)