Brukar du Scratch, har du ei grei mulegheit til å lage øvingsopplegg til elevane dine der ein skal kjenne igjen bestanddeler av kjende figurer eller situasjonar. Til dømes kan det dreie seg om å identifisere/kjenne igjen alle formane for firkantar som vi har, dei forskjellige delane av ei celle eller sette namn på religiøse symbol eller planetane i Melkeveien. Med Scratch kan du legge inn bilete av det du vil det skal handle om, for så å legge til knappar på kvar del som kjennast igjen. Når eleven trykker på knappen kan hen få lese opp med lyd eller tekst kva delen heiter. Her er eit døme der eg har lagt inn dei nye fylka i Noreg. Kan du alle desse? Vel, det er kanskje eit retorisk spørsmål no når dei ser ut til å skifte ut fylka våre med kvar ny regjering, men pr. oktober 2021 er det iallfall desse som gjeld! :)
Kartet er henta frå Wikipedia og i kvart fylke kan du trykke på knappen for å få namnet på fylket lese opp. Eg har brukt tillegg "tekst til tale" slik at figurane i Scratch får mulegheit til å prate. Om du vil kan du la elevane lese inn det som skal seiast og heller spele det av som lydfiler. Det kan kanskje gi ytterlegare ein slags eigarskap til prosjektet.
Tekst-til-tale-tillegget kan også være kjekt å vite om, viss du skal jobbe med til dømes gloseprøver i engelsk, eller kanskje spansk?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar