Ein blogg med nyhende, undervisningsopplegg, tankar og meiningar om matematikk og matematikkundervisning.
28 oktober, 2021
3D-puslespill del 1
Eg har alltid hatt sansen for papirbretting (origami) og fått mykje matematisk å tenkje på i arbeid med origami-figurar. Til dømes har eg ofte brukt fugletetraederet i første økt med lærarstudentar da denne figuren har gitt oss mykje matematikk å prate om. Den er fin til å få nye studentar til å snakke saman og til å tenkje matematisk, kanskje på litt uvant måte og. Du kan lese om denne i (Gjøvik, 2005) eller (Gjøvik, 2012). Medan eg satt og laga teikningar av korleis ein skulle gå fram for å brette fugletetraederet kom eg over ei liknande origami-oppskrift. Fugletetraederet er bygd opp av to pyramider, og om ein lagar fire slike pyramidar, og eit regulært tetraeder så klakker dette saman heilt nøyaktig til ein kube. Dette høyres kanskje korkje logisk eller imponerandes ut, men om ein ser for seg dei fem formene, så kan det vera vanskeleg å tru på at dette får plass oppi kuben. Prøv sjølv, brett eska, tetraederet og dei fire pyramidane og sett saman!
Du kan finne bruksanvisninga her i pdf (den er litt endra frå det formatet den opprinneleg fantes i på nettet):
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar