02 april, 2017

NUXO - fem på rad med tall

Ein fin ting med å jobbe med studentar på alle nivå er at ein alltids får innsyn i noko nytt. (Onde tunger skal ha det til at det blir meir og meir av dette jo eldre ein blir. For noko tull.) For nokre veker sida blei eg spurt om å spele kort etter timen, noko eg eigentleg ikkje hadde gjort på veldig mange år (Kortspel er heller ikkje ein favorittaktivitet. Usikker på kvifor, men det har aldri appellert noko særleg). Det viste seg at spelet var Casino, og at det hadde ikkje så reint få innslag av matematikk. (Eg hadde nok prøvd å lere meg Casino for tjue år sida og, men no var alt borte gitt!)
Litt mindre tilfeldig er det at masterstudentane på kurset Modellering og IKT har som arbeidskrav å skrive om ein nettstad eller ein applikasjon for matematikklering. Da er det ofte gode tips å finne. Eit av krava er at dei skal analysere noko som ikkje har vore analysert av dei andre studentane, korkje i år eller foregåande år. I år var det eit par ting som fall svært godt i smak, kanskje ikkje i kraft å vere dei mest lererike, men for å ha skapt mest engasjement.

Nuxo var eit av desse spela som skapte engasjement. Dette er ein slags fem-på-rad, men i staden for å sette kryss der ein vil må ein gjere eit reknestykkje som gir eit ønsket tal som svar - slik at ein kan sette eit kryss eller runding i akkurat den ruta ein hadde planlagt.

Ein kikk på spelebrettet gjer det kanskje litt greiare å forstå. Ein får oppgjeve eit tal, i dette høve 15 (sjå øvst til høgre). Så skal ein velje ein regneart. I dette spelet har ein valet mellom ganging og deling (dei to knappane nederst). Så må ein velje to tal på spelebrettet. Først må ein velje det ein skal gange eller dele med, og så må ein finne svaret på det reknestykkjet ein har laga. Ein kan til dømes her trykke på deleteiknet, så på 5-talet på spelebrettet, og så må ein trykkje på 3-talet å brettet. Med litt kløkt klarer ein å finne taktiske tal slik at ein kan bruke eit av dei for å byggje opp fem på rad, og med litt meir kløkt får ein utnytta begge tala.

Ein vel ved spelets start om ein skal spele med litt lavare tal, og kva for rekneartar ein vil fokusere på.

Ein spelar mot kvarandre eller mot ein robot, der ein kan velje nivået. Ein treng ikkje å vere påkobla samstundes for å spele, men ein kan gjere sine flytt og så sende over turen til motstanderen. Så ein kan spele over lengre tid og det er ikkje naudsynt å vere i umiddelbar nærleik.

Dette må vel vere ein mykje artigare og meir givande måte å øve multiplikasjon på, enn å pugge gangetabellen på vanleg vis. Det vart iallfall stort engasjement da vi prøvde dette i klassen!


Last ned gratis på
https://play.google.com/store/apps/details?id=no.playway.android.nuxo&hl=no