14 oktober, 2023

Slik kan du bytte ut ein figur du allereie har laga skriptet til i Scratch.

27 juli, 2023

Matematikkruner

Eg kjende ikkje til dette før eg las det i tangenten, i ein artikkel skrive av tidlegare kollega Mike Naylor (Matematikkbølgen / Amborneset Matematikkpark). (Sjå tangenten nr. 3, 2016.) Her sett vi alle sifra i ein sirkel og bestemmer oss for ei gangetabell, for eksempel 3-gangen. Så ganger vi kvart siffer på sirkelen med dette talet og trekker ein strek frå sifferet til resultatet av gangestykket. For eksempel kan vi trekke strek frå 1 til 3, sida 1 x 3 = 3. Om vi havnar over 10, ser vi kun på einarsifferet. Så frå 7 trekkjer vi ein strek til 1, sida 7 x 3 = 21. Om sifferet er det same som einarsifferet til svaret, så lagar vi ei lite sløyfe rundt sifferet.

Så kan ein jo prøve med addisjon i staden for multiplikasjon.

Kva observerer du? Kor mange samanhengar klarar du å finne?

Her kan du prøve: