21 februar, 2017

CERME10

Congress of European Research in Mathematics Education (CERME 10) gikk av stabelen for tiande gong 1. - 5. februar 2017. Denne gongen var det Croke Park i Dublin som var staden. Croke Park er eit imponerande anlegg for merkverdige irske fotballiknande sportar som til dømes Hurley. Det skal visstnok vere europas tredje største fotballarena og har plass til 80 000 tilskodarar. Imponarende! Det er og U2 sin "heimearena".
Konferansen hadde over 800 påmelde og det er ei ambisiøs oppgåve å handtere så mange mennesker. Uten at eg kjenner til virksemda deira, virka det som det er firmaet KEYNOTE som tok seg av heile sulamitten og har laga ein bransje av å drifte konferanser og liknande av ymse storleikar. Det fungerte eigentleg heilt utmerket så vidt eg kunne sjå. Registrering, paper levering, hotell...alt mogleg vart liksom handtert gjennom same systemet.

Hovedaktiviteten på Cerme er det som skjer i Thematic Working Groups (TWG). Her har ein på førehand lasta opp sitt bidrag i form av paper eller poster og får så tilbakemelding på disse og ei anbefaling om ein kan få bli med på konferansen eller om ein heller bør sende inn bidraget som poster. Under konferansen er det fleist timar sett av til å jobbe i disse gruppene der ein diskuterer seg gjennom alle innsende paper i tur og orden - med litt forskjellig organisering. 


I tillegg er det nokre presentasjonar frå "kanonar" innen matematikkdidaktikken. I år var det Elena Nardi og Lieven Verschaffel som holdt disse. 

Eg hadde eit bidrag saman med Svein Arne Sikko, Ragnhild Staberg, Maria Febri og Jardar Cyvin i TWG 15 Teaching Mathematics with Technology and Other Resources. Dette bidraget var relatert til EU-prosjektet FaSMEd (Improving Progress for Lower Achievers through Formative Assessment in Science and Mathematics Education). Paperet vårt var ‘Walking a graph' - primary school students' experimental session on functions and graphs, og handla om korleis ungar som ikkje tidlegare har jobba med funksjonsomgrepet kan gjere det ved å halde på med grafar laga ved hjelp av å gå framfor ekkolodd-liknande sensorar. 


Eg hadde og eit bidrag i TWG 16 Learning Mathematics with Technology and Other Resources saman med Iveta Kohanova. Paperet vårt der hadde tittelen Preliminary testing of apps in mathematics, based on international collaborative work. Dette paperet var knytt til AiM-prosjektet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom det som da heit HiST og Universitetet i Bratislava. Dette prosjektet handla om å utvikle spel-applikasjoner for mobiltelefoner og nettbrett. Det vart i alt laga 25 små spel som ein kan laste ned gratis på Android eller Apple-produkt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar