For den som er interessert i naturvitenskap er Richard Feynman eit kjent namn. No har hans berømte forelesingar i fysikk vorte publisert i heilskap på https://www.feynmanlectures.caltech.edu/flptapes.html . Det må vel vera eit ganske bra alternativ til sumarens podcast!
Ein blogg med nyhende, undervisningsopplegg, tankar og meiningar om matematikk og matematikkundervisning.
06 juni, 2021
31 mai, 2021
Inne eller ute?
I helga var det full runde i Eliteserien i fotball for menn, og oppgjeret eg fulgte var Mjøndalen - Molde (naturleg nok). Molde hadde ein ball i mål - meinte dei - men likevel ende det 0-0. Vi hadde nok kunne avslørt denne type problematikk om vi hadde mållinjeteknologi i Noreg. Og det kunne vi jo ha hatt UTAN å ha brukt VAR i sin heile og fulle bredde.
Men så var det spørsmålet om korvidt ballen var inne eller ikkje. På TV-bileta kunne det unekteleg sjå slik ut og Moldespelarane som var i nærheiten var sikre i si sak. Like sikre var nok Mjøndalenspelarane og, på at den IKKJE var inne. Linjedommar stod langt unna og dommaren hadde nesten ei umuleg oppgåve i å fatte rett avgjerd.
Det er fort gjort å klage på dommaren, men om vi lagar oss ein tilsvarande modell av situasjonen i GeoGebra 3D så ser vi kor vanskeleg oppgåva til dommaren er! Sjå her:
26 mars, 2021
Slik går no dagan med nettundervisning
- GeoGebra
Ein kjem ikkje unna at GeoGebra er eit av dei viktigaste verktøya for ein lærar å beherske. Der eg tidlegare har gitt studentar lenke til GeoGebra-filer har eg no prøvd å lage aktivitetar via GeoGebra Classroom. Slik får ein og innsikt i om det vi driv med er heilt skivebom eller treffer sånn høveleg. - Scratch
I statistikk og sannsyn-semesteret har det vore viktige å kunne gjere nokre simuleringar og slikt. Scratch er ikkje fantastisk godt eigna til dette, men det er da ein del mulegheitar. Vi hadde inkludert programmering for første gong i eit fag på lærarutdanninga i år, der Scratch og Python-trinket, som dei to no vanlegaste platformane i skulen (trur eg). På Scratch laga vi fleire av dei aktivitetane som vi har lese om i pensum. Eg laga dei fleste sjølv, men vi brukte og nokre døme frå statistikken for å lage relevante prosjekt i opplæringa av Scratch. - desmos
Eg har alltid vore litt imponert over dei innebygde desmosaktivitetane som ein kan finne på teacher.desmos.com. Her er det muleg for studentane å delta slik at eg som lærar får god oversikt både over kva dei svarar og kor langt dei har kome. - trinket.io
Det er ikkje så lett å drive programmering over nett (sjølv om ein skulle tru at det var det perfekte tema for nettundervisning). Trinket er ein web-basert python-variant som har fungeret prikkfritt for oss. Ein må vere litt klar over skilnaden mellom å drive med python 2.7 eller 3.0 (ein kan til dømes ikkje lage histogram i 2.7 på trinket). Og for 3.0 må ein betale eit abonnement for å bruke trinket. Ein kan sjølvsagt laste ned python frå python.org og bruke siste versjon heilt gratis, men da mistar ein den oversikta ein som lærar har over at studentane sitt med omtrent same skjermbilete.
08 februar, 2021
Forsøk på embedding av ferdig program
24 november, 2020
trinket.io
