24 november, 2020

trinket.io

Nettstaden trinket.io er eit nytt bekjentskap for min del. Eg er relativt ny til dette med python, og var vel på mitt første python-kurs for 3-4 år sida. Når eg har laga program i python har eg derfor bruka ein editor, slik som Anaconda eller Idle. Men no når programmering er lagt inn i matematikkfaget blir ein nødd til å finne løysingar for å gjere dette effektivt med studentar og elevar. Å sete seg inn i alle variantene av editorar ein kan laste ned er keisamt for mange (og ikkje minst komplisert og tidkrevande - det fins MANGE variantar). Ei nettbasert løysing der kven som helst kan skrive kode og få den kompilert er å foretrekke i mange høve, og trinket.io er ei fin side å bruke til dette. Ei anna side som og er populær er repl.it, men den får ein prøve ei anna gong. Ein fin ting med trinket.io er at ein kan embedde slike "trinkets" på ein nettstad, slik som i dømet under, der eg har laga ein kjapp Finbonacci-trinket. Denne er embeddet slik at ein må trykkje på play-knappen for å køyre programmet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar