Da skriv vi at det er 2016 år sida nokon fann på at noko skulle vere det nullte året. Det er hardt å koma i gjenge. Det er berre fire dagar sida man måtte belage seg på det der ubehagelege med å venne seg på å skrive eit nytt årstall i alt ein gjer. Det tek vel omlag fire månader å bli venn med det. I tillegg er min arbeidsplass, unnskyld, TIDLIGERE arbeidsplass, HiST, historie. No er vi alle spist av NTNU, inkludert Høgskolene i Gjøvik og Ålesund. Eg har fortsatt ikkje heilt klart for meg at det skal vere naudsynt å strekkje universitetets lange armar nedover halve landet, men nokon har nok tenkt nøye gjennom dette.
Toget har skiftet rutetid. Den eine vegen. Nok ein snubletråd.
Eg registrerer tolv minusgrader i det eg går av toget på Rotvoll og ser studentar på plass allereie første dag. Dei kjører vanlig stil, ankelsokker og tights. Joggesko som knuser mot skaren. Eg har ull-huve, stillongs og parkas. I mi tid var ein rebelsk om ein gikk ut i friminuttet uten lue, no får ein ikke nokon til å taka av seg huva lenger, korkje innomhus eller utomhus.
Lite ser ut til å ha påvirka min kvardag så langt etter bytet HiST-NTNU. Eg finn rett nok ein fullstendig nyttig refleks og ein fullstendig unyttig pin i posthylla mi. På vei til kontoret må eg bare undrast over at det på ein eller anna stad sit nokon som tykkjer det er fornuftig å bruke pengar på å produsere tusenvis av pins, som eg aldri har sett noen bruke. Blir spananade å følge utviklinga.
Logger på datamaskina. Det hemmelige passordet, som står på eit oppslag på oppslagstavla mi, titulert "hemmelige passord" (eg klarer aldri å hugse passord over ein ferie) virkar fortsatt.
Registrerer frenetisk aktivitet hos datatjenestefolka, dei har litt å trykke fingrene på. Ikkje lett å slå saman inkompatible datasystem. Hadde eg hatt eit talgljos på kontoret skulle eg ha tent det for datagutta. Det er over ti år sida sist det var ansatt ei datajente på avdelinga.
Det plar taka nokre dagar før temperaturen på kontoret mitt er på eit nivå som gjer det mogleg å skriva uten fingervotter, så eg tek litt tidleg kveld.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar