22 oktober, 2025

Bråk, eller?

Her er eit artig, lite Scratch-prosjekt som du kan prøve om du vil måle støynivået i klasserommet. Eg såg fleire av studentane eg har besøkt i praksis har slike tavler på veggene eller på SMARTboard kor det står ein skala frå grøn til raud, med ord som "innestemme", "presentasjonsstemme", osb. Du kan sjå under korleis det ser ut, men du må nok inn på Scratch-sidene om du skal bruke mikrofonen på datamaskina for å faktisk måle støyen, og det kan du gjera her

Slik ser det ut:

02 oktober, 2025

PowerPoint#1

 Trur dette må vera det beste tipset eg har i Powerpoint eller Google slides - det virker i begge presentasjonsverktøy og sikkert i fleire og.

Nokre gonger har ein eit bestemt lysbilde ein vil byte til, utan at ein vil klikke seg gjennom førti andre lysbilde først. Det einaste du treng å vite da er nummeret til bildet. Om det t.d. er lysbilde nummer 51 så taster du 51 på tastaturet og avslutter med ENTER. 


Vips!

(Du ser ikkje at femtallet og eittalet dukkar opp nokon stad, og det er jo litt av poenget og).